Påbudt med bruk av munnbind på skuleskyss!

Frå og med måndag 2. november er det påbudt med bruk av munnbind i samband med skuleskyss for elevar til og frå Gol vgs. Dette vart bestemt av kommuneoverlegen i Gol laurdag og har si årsak i den aukande smitta i Hallingdal, i tillegg til at ein del skulebussar er rimeleg fulle.

Vi skjønar at det kan vere problematisk å skaffe seg munnbind allereie til måndag morgon, men dei som ikkje har munnbind tilgjengeleg må skaffe seg dette i løpet av måndag. Elevane får også beskjed om dette på måndag. Dessverre er ikkje Viken fylkeskommune sitt SMS-system oppe og går, så vi får ikkje sendt ut melding til elevane.

Klikk for stort bilde 

Til toppen