Foreldremøte for VG1 torsdag 3. september

Gol vidaregåande skule ynskjer å få til eit godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldre og føresette er svært viktige støttespelarar i arbeidet med å leggje til rette for trivsel, læring og utvikling hjå elevane. Vi inviterer difor til foreldremøte for Vg1.

Klikk for stort bilde 

Tid: Torsdag 3. september kl. 18.30


I dette fyrste møtet vil de få treffe kontaktlærar, rådgjevarar og skuleleiinga. Det neste møtet er tidleg i desember, og her vil de få treffe både kontaktlærar og lærarane i dei ulike faga.

Grunna koronasituasjonen og smittevern, vert foreldremøta arrangert utan elevar og oppmæte klassevis etter følgjande oppsett:  
 

Klasse

Tal på føresette

Rom

Kontaktlærar

1RM

9

Spisesal

Wenche Ulsaker

1MUA

9

210

Katinka Collett Ulimoen

1IDA

20

220U

Jan-Eirik Thorberg

1STA

23

Kantine

Anders Herfoss og Halvor Knaldre

1STB

23

Personalrom

Siri Forland

1STC

18

024

Gunhild Jensen og Truls Magnussen

 

Foreldremøte vert gjennomført etter gjeldande smittevernreglar. Vi presiserer:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på foreldremøte
  • Alle skal vaske hender/bruke antibac ved oppmøte på skulen
  • Alle skal halde 1 meter avstand til kvarandre
  • Det vert ikkje servert mat eller drikke på møtet
  • I samråd med kommuneoverlegen legg vi opp til at kun ein føresett per elev kan delta på møtet, og at ingen elevar kan delta denne gongen.


Klassevis orientering v/kontaktlærar:

  • Teams
  • Visma inSchool
  • Årsplanar og planar i dei einskilde faga
  • Læringsmiljø – klassereglar
  • Elevmedverknad
  • Elevsamtale og fagsamtale
  • Fråvær


Vel møtt!
 

Til toppen