Elev- og foreldremøte for 2. klasse onsdag 23.09. kl. 18.00

Gol vidaregåande skule ynskjer å få til eit godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldre og føresette er svært viktige støttespelarar i arbeidet med å legge til rette for trivsel, læring og utvikling hjå elevane. Vi inviterer difor tidleg i skuleåret til eit elev- og foreldremøte for Vg2.

I dette fyrste møtet informerer vi om dei ulike punkta i programmet under, og de vil få treffe rådgjevarane og skuleleiinga.
Det neste møtet er i januar, og her vil de også få treffe kontaktlærar og lærarane i dei ulike faga.

TID: ONSDAG 23. SEPTEMBER KL. 18.00 
STAD: Midtsalen på Gol samfunnshus


Program:

  • Velkomst ved rektor
  • Presentasjon av leiinga og rådgjevartenesta
  • Informasjonskanalar for elevar og føresette ved hjelp av Internett
  • Fråvær
  • Eksamen / vitnemål
  • Årsplanar og planar i dei einskilde faga
  • Val av programfag (gjeld studiespesialisering)
  • Karriere – vegen vidare

 

Vel møtt!

Til toppen